Opning av dagsturhytta “Synkenhytta”

Velkommen til offisiell opning av Synkenhytta, Høyanger kommune si dagsturhytte!

12:00 til 13:00 vert det rebusløp for born med medaljeutdeling. Frammøte ved hytta.
13.00 Velkomen ved kommunalsjef kultur og folkehelse Anita Nordheim
Musikalsk innslag v/ Annika Beinnes
Offisiell opning og helsingar ved ordførar Petter Sortland, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Aktivitetar ved Synkenhytta:
Lesestund i nynorsk fjellbibliotek, vi startar opplesing av Sommarles forteljinga : Det Blodraude Nordlyset, med bibliotekssjef Hege Ølmheim
Lavvocamp. Aktivitetar med Sport'n Høyanger.

Ta med mat og drikke - Kiwi Høyanger spanderer frukt ved hytta!

Etter opninga arrangerer Barnas Turlag Kyrkjebø felles tur til Eidesteinkvida. Dagsturhytta er eit flott utgangspunkt for denne turen, som tek om lag 1,5 time t/r. Ta med mat og drikke!

Transport:
Vi oppmodar til gåtur og sykling til hytta. Det er satt opp transport frå parkeringa på Siplo med minibuss i skytteltrafikk. Første tur kl. 11.00. Det er begrensa parkering ved hytta. Kontakt tenesteområde Kultur og folkehelse for meir informasjon.

Les meir om dagsturhytteprosjektet i Sogn og Fjordane her: https://www.sfj.no/dagsturhytta.430892.nn.html