trappeløpet 2019

 
 

Laurdag 1.juni vert det tradisjonsrike Trappeløpet arrangert i Høyanger. Trimklassa har start kl. 10 og konkurranseklassa kl. 13.

Meld deg på allereie i dag!

Har du ikkje registrert brukar/profil hos EQ timing vel du "fortsett uten å logge inn". 

 

Påmelding

Aktiv klasse har førehandspåmelding som skjer elektronisk her
Påmelding på løpsdagen skjer ved samfunnshuset i Høyanger fram til kl. 11.30. Det vil IKKJE vere høve til å melde seg på i trappa/ved start. Sjølv om du har meldt deg på på førehand må du møte opp i sekretariatet før kl 11.30 på løpsdagen for å motta startnummer og startbrikke.

Trimklassa har ikkje førehandspåmelding og skjer på løpsdagen ved starten av trappa.

 

Deltakaravgift

Aktiv klasse:

Førehandspåmelding (t.o.m. 30. mai)
Under 18 år på konkurransedagen: 200,-
Over 18 år på konkurransedagen: 250,-
Førehandspåmeldte får årets t-skjorte for Trappeløpet 2019.

Etterpåmelding (31. mai eller seinare):
Under 18 år på konkurransedagen: 200,-
Over 18 år på konkurransedagen: 250,-
Er ikkje garantert t-skjorte, evnt. ønska str. på t-skjorte.

Klassar: Herre og kvinne: 12-15 år, 16-18 år, 19-29 år, 30-39 år, 40-49 år, 50 -59 år, over 60.
Deltakarar stiller i klasse etter alder. Til dømes stiller ein 15 åring som blir 16 år i gjeldande kalenderår i klassen 16-18 år.

Trimklasse:

Trim: 100,-
Familie: 250,-

Det er deltakarpremie trimklasse, samt 5- og 10-årspremie.

 

Sekreteriat

Sekreteriatet for aktiv klasse finn du i samfunnshuset i Høyanger, som ligg på Bytorget. Her kan du hente ut startnummer om du har førehandspåmeldt deg eller melde deg på i konkurranseklassa fram til kl.11.30.

Sekreteriatet for trimklassa er ved starten av trappa.

 

Løpsreglar

  • Deltakarar er pliktig til å ha synleg startnummer festa på brystet. Startnummer skal ikkje brettast.

  • Det er forbode å starte på ein annan deltakar sitt nummer. Legitimasjon kan bli avkrevd ved tvil.

  • Alle plikter å bere tidtakingsbrikke på venstre ankel.

  • All påmelding er bindande. Startkontigent vil ikkje bli refundert sjølv om den påmeldte av ulike årsakar ikkje kan delta.

  • Staver er ikkje tillete i aktive klasser.

  • Mosjonsklasse er uten tidtaking.

  • Sko med piggar er forbode.

  • Dei som kjem bakfra har forkjørsrett. Rop løype når du vil forbi
    Blir du teke att går ein til venstre side og slipper forbi. Dei som hindrar andre løperar å passere vil bli vurdert diskvalifisert.

  • Ev. protestar skal leverast i sekretariatet innan følgjande fristar:
    - Mot forhold i løpet: 30 min etter målpassering
    - Mot resultattid: 30 min etter at resultater er kunngjort.

  • Protesten skal vere skriftleg og eit gebyr på kr. 100,- skal innbetalast sammen med protesten.

 

Lagskonkurranse

Lagkonkurransen er eit perfekt mål for felles trening på arbeidsplassen, i vennegjengen, eller i idrettslaget.

Det er to lagklassar; ein for bedrifter og en open klasse for andre. For påmelding av lag send e-post til kristin@oncue.no 

NB! Sjølv om du har meld på laget med deltakarar, må den enkelte deltakar melde seg på i konkurranseklassen. Det kan du gjere her

 

REGLAR LAGKONKURRANSE

- Kvart lag må bestå av minimum 3 deltakarar, uavhengig av kjønn. Dei tre beste tidene blir gjeldande.
- Damene som deltek på laget får eit fråtrekk på 20% av tida som grunnlag for lagtida.
- Dei over 50 får 10% fråtrekk på tida som grunnlag for lagtida. Dvs. Herrer over 50 får 10% fråtrekk, medan damer over 50 får totalt 30% fråtrekk.
- Deltakarane deltek i den klassen dei tilhøyrer, samtidig som dei deltek i lagkonkurransen.
- Premiering i bedritsklassen er vandrepokal som kan vinnast til odel og eige når ein har vunne tre år på rad. Vinnarlaget i lagkonkurransen får gåvesjekk på 500,-.
- Påmelding her på nettsida, eller i sekretariatet i samfunnshuset på løpsdagen. Pris for å stille lag i lagkonkurransen er 200,- . Dette kjem i tillegg  til påmeldingsavgift i aktiv klasse for kvar enkelt deltaker.
- Kva som er eit bedriftslag: Ved større bedrifter er det påkrevd at alle på laget jobbar på arbeidsplassen. Småbedrifter med få tilsette vert det utvist eit visst skjønn ved kva som er «tilsette» og ikkje. Ein form for relasjon skal det vere. Fleire småbedrifter kan fusjonere/stille felles lag saman. Sekretæriatet vurderer kva som er «gyldig lag» i kvart enkelt tilfelle.

Premiering

Aktiv klasse:

Beste tid: kr 2000,-
Løyperekord: kr 3000,-
1. -2. og 3. premie i kvar klasse får gåvekort frå Sport'n Høyanger.
Deltakarpremie: T-skjorte*
*Ved påmelding etter 30. mai er det ikkje garantert.
Ein gjer merksam på at vinnarar (også klassevinnarar) må vere til stades under premieutdelinga for å kunne motta premie.

Trimklasse

Deltakarpremie: turkopp

 

Rebusløp

Alle barn som går trappene denne dagen har muligheit til å bli med på rebudsløp i stien i nedstiginga frå fjellvegen. Spørsmåla er hengt opp i stien og ark til å svare på blir delt ut på drikkestasjonen på toppen.

Premiar blir trekt ut blant alle som har levert inn rett svar.